Endelig tilbake i Melbourne etter 6år! Deilig!
Forrige gang fekk vi refs for å ta inn ei lita frukt, så denne gangen kryssa vi av på det vi kunne. Noko som viser seg å være særs smart fordi dei raude køene er mykje kortare enn dei grønne.. Faktisk er det ingen der.. =) Mannen spør kva vi har med, vi svarer knekkebrød og indisk kjeks og blir sendt rett gjennom. Godt tips.. =) Eit gledeleg gjensyn møter oss på andre sida. Peter og Laura venter på oss og praten går i eitt. Det er deilig å "være heime igjen". Calan er hos besteforeldra så vi har fri til å forske gamle vannhull.
Eit par dagar seinare tar vi turen til McCrae til foreldra til Peter og er der ei natt. Her møter vi igjen Calan og her mista Geir halve kneet sitt i 2009. Og ikkje minst køyrer vi forbi Shark Bay, som no har fått nytt navn... Safety Beach..... Vi seier ikkje meir...
Dagane i Melbourne går med til mimring og det føles ut som vi aldri har reist. Vi møter venner, går i gamle trakter og leiker ninja og sjørøver med Calan. Etter ei lita veke her stikk vi på camping med heile gjengen. Peter har nemleg bygd seg campervan som heiter "Trash can" og vi to skal sove i telt. Ein liten smakebit på livet vi skal leve på vestkysten...