Ca 23.00 stansar toget på Delhi stasjon. Hotellet ligg heldigvis i gåavstand så vi velger å ta føttene fatt der vi borer oss gjennom ein jungel av villige tuk-tuk sjåfører. Vi ignorer optimistisk dei til tider masete og pågåande tilbode. Gjennom ei litt skummel og stengt gate er det kun oss, neonlys og litt utrygge typer. MEN heldigvis ser vi hotellet vårt etter ein kjapp gange på 30min. Vi går i resepsjonen, leverer bookingpapira. Han ser kjapt på dei før han seier at dette er ikkje DET Oyo-rooms som vi ser etter.. Han peiker oss vidare og vi vandrar inn i natta.
Neste hotell (som og heiter Oyo-rooms, så vi begynner å skjønne at det er ein kjede, men adressa vi har er alikevel det første hotellet) skjer akkurat det samme. Dei peiker oss tilbake til første hotell. Klokka er slagen tolv og med 20kg på ryggen og 30 grader i mørket er vi slitne og trøtte. Vi nekter å gå. Spør om dei kan ringe og finne ut av dette. EKSTREEEEMT motvillig tar han opp telefonen, slår nummeret og gjer det til Geir. Geir prøver å forklare og tilslutt kjem det fram at det er et tredje Oyo-rooms hotell eit stykke unna vi skal til. Vi tar på sekkene igjen og begjer oss ut att i den varme Delhi-natta.
Eit par gode kilometer seinare er vi på rett veg. Og etter å ha spurt samtlege forbipasserande med ymse resultat når vi endeleg hotellet. Men visa er ikkje slutt... Etter 10 minutter venting og klokka nærmer seg 01.00 får vi beskjed om at dette heller ikkje er hotellet.......... Eit lettare oppgitt og synleg irritert par blir veldig stae! Igjen ber vi dei ringe HQ, igjen ber dei oss snakke med dei, men denne gangen ber vi dei ordne opp sjølve. Ein lengre telefonsamtale seinare er alt i orden. Vi får sjekke inn, MEN vi får ikkje sove der. Vi blir guide videre til neste gate og inn på eit nytt hotell. Der må vi sjekke inn igjen. Klokka nærmar seg lort når hove endeleg treff puta og lyset går ut både i rom og hove. Velkommen til Delhi.. =)
Neste morgon er vi igjen ved godt mot. Delhi er ein travel storby med mykje folk, biler, motorsykler, andre sykler, tuk-tuker, kyr og elefanter. T-bana blir vår framkomstmiddel. Den er kjapp, enkel, billig og heilt super! For ikkje å snakke om air-conditionen!!!! Vi får ikkje gå så mykje i fred. Enten vil folk selge oss noko eller så vil folk praktisere engelsken sin. Det første blir vi fort lei, det andre er veldig hyggeleg (sjølv om dei alltid ender med å advare oss om å gå i dei gatene vi er på veg..) Men det er til tider vanskeleg å vite om dei er den første eller den andre.. Så vi går fem på nokon gonger.. Vi prøver oss på eit par marked også. Nokon er veldig bra, andre er verre, alle er høglytte og kaotiske, men interessanne. Vi får sett mykje løje.. =) Asso får sjølvsagt henna tegna på seg..
Lodhi Garden
For å komme litt vekk frå alt ståket, gjer vi som Delhifolket. Vi stikk til Lodhi Garden. Ein nydeleg, svær park med fine blomer, gangstier og masse fugleliv og store muslimske monumenter. Her slapper vi av saman med indiske studenter og storfamilier som har piknik eller øver på cricket. Det er nemleg VM i cricket visstnok.. Og når vi seier vi skal videre til Australia, spør dei om det er for å sjå kamp... =) I Noreg har vi byduer. I Delhi....... har dei byørner.. Vi ser hundrevis av store ørner i parken og i byen generelt. Geir får ein litt forsenka bursdagsgave, nemleg ei ny zoomlinse til kamera. Derfor mange nærbilder av dyr... =)
Lotustempelet
Vi får anbefalt å ta turen til eit nydeleg tempel forma som ein lotusblomst. Vi gjekk ut i fra at det var eit hindutempel, sia det er hovedreligionen. Det var det ikkje. Det høyrer til Bahai-religionen, som vi desverre kan ALT for lite om, men er såpass interessant at det skal vi dykke nærmare inn i når vi kjem heim. Kort fortalt: Alle religioner er den samme og dei jobber mot verdsfred og likestilling. Ikkje dårleg.. =)
Sidan Steve og familien var bortreist når vi besøkte Jilling estate i himalaya har dattera invitert oss heim til seg. Nandini heiter ho og er veldig koseleg. Ho har mange morsome fortellinger om å vakse opp i fjella der med sin eksentriske far. Ho er eit skogsbarn og er eigentleg ikkje så glad i by. Foreksempel gjøymte ho seg i TRE år i skogen for å sleppe å gå på skule. Men då mora var meir redd for at ho skulle bli eten av leopard blei ho tilslutt skulert heime. =) Vi skulle eigentleg berre stikke innom ein tur for kaffi, men ente opp med å være der til seine kvelden. Svigerfamilien diska opp med sørindiske heimelaga rettar, som svigermora sa: you don't get this in no restaurants! Det var mykje godt, kun vegetar og alle åt med hendene (sjølv om dei insisterte at vi kunne bruke skjei, men when in rome..). Ein koseleg kveld vi ikkje vil gløyme!
Etter fire fulle dagar i Delhi, hadde vi fått nok. Vi fekk hotellet til å ordne taxi til flyplassen for å sleppe å slepe sekkane med på metro. Etter ca 100 meter blei taxien stoppa av politiet. Ingen papir i orden.. Så der stod vi.. Heldigvis hadde vi blitt så lei heten og kaoset i byn den siste dagen at vi var
i GOOOOOD til før flyavgang.
Vi var så tidlig at etter at
taxien blei ordna og vi kom
til flyplassen, slapp dei oss
ikkje inn.. =) Men men..
Neste stopp er Melbourne via ein
kjapp fotmassasje i Bangkok..