Ca 5km frå hotellet (eller to km fra byn) forbi alt av hus og butikkar, på sandete veger og stier, forbi eit mindre slumområdet finn du plutseleg ein open forlatt hage. Oppafor den, over ei lita steinur er ein port. Og spør du om dei veit vegen til Beatles-ashramet, så er det altså der. 100 Rupees skal dei ha, men vi hadde ein tysker foran oss som pruta det ned til 65. Ingen dyr pris hverken det eine eller det andre. Opp ein bratt bakke finnast den mest merkverdige park du har sett. Eit svært området, som ein heil landsby er fullstendig forlatt og naturen har igjen overtatt. Trea veks inn og ut av hus, graset er høgt og ein del er forfallen. Men mykje gjennstår også. Små kuplar dukkar opp her og der. I hundretall. Nokon kun for meditasjon, nokon med innlagt toalett og elektrisitet og bygd i to etasjar. Og store opne sosiale stader å sitte for å filosofere eller som Beatles gjorde i 1968, skrive sanger nok til fleire album. Det var her George, Ringo, John og Paul + koner og kjærester reiste for å bli åndelege og sjølv om dei berre var her ein god månad skreiv dei dei fleste låtane på the White album + soloprosjekt her. Her er og eit forfallent galleri til ære og inspirasjon. Det er ein merkeleg og fasinerande stad å være. I si storheitstid må det ha vore fantastisk flott. Det er det forsåvidt enda, men rart at noko som har vore i moderne tid, ikkje lenger er. Ein tankevekkar.