Dagane går med til yoga klokka 08.00, på taket på hotellet med utsikt over ganges. Vinden uler i veggen og kråkene studerer oss i våre ambisiøse positurer. Så opp på neste tak for ein billig og bra frukost og så starter dagens eventyr. Vi går mykje. Nesten ei mil kvar dag. Mens Asso blir spådd av ymse håndlesara (som alle er einige om at ho får eit langt og lukkeleg liv, god hels og tre fødsler..), tar Geir seg tablatimer (tabla er eit indisk trommeinstrument). Byen er fargerik og alle butikker stappfulle av alt mellom himmel og jord. Det blir til tider litt massete og bråkete og av og til smett vi ned til eit litt rolegare strøk nede ved ganges. Her har inderane sit kvardagsliv med vask og stell. Ei einsleg ku kosar seg på stranda (og overalt ellers og for den sags skuld). Ein dag vi sit på trappa ned til ganges kjem det to små sjarmører i tidleg skulealder. Med vannkjemma hår og skjorta ned i ei sags uniformbukse er det ikkje vanskeleg å sjå at desse to har tatt seg "fri" frå skulen for heller å selge blomster og sjølvtegna kunst til intetanande turistar. Vi ser dei frå lang avstand og dei spotter oss. Den yngse er absolutt ein luring. Med verdas lysaste, søtaste stemme ber han om ikkje vi har veldig lyst å kjøpe blomster. Pleeeeeaaaaaase, sir? Pleeeeaaaase? Ein ser av glimtet i augekroken at sjølv om han nok berre er sju og kjem frå vanskelege kår er dette absolutt ein kar som veit å snu seg og hadde vi hatt oscarstatuetten med oss hadde han fått han. Vi prater litt laust og fast, men då vi meiner han heller bør halde seg på skulen enn å gå å selge blomster blir det ingen salg i dag. Han (Absolutt ein Tom Sawyer, fattig, men kjem frå ein ordentleg familie) og Huckelberry Finn (eldre og tydeleg ikkje like heldig med sine kår) tapper fort interessen for både oss og blomstersalget og finn heller tre tomflasker som dei slår hål i og leiker seg i Ganges.
Dagen etter møter vi dei igjen. Denne gongen etter skuletid og håret til "Tom" er ikkje like vannskjemma lenger og klea ikkje like stive. Med ein gong "Tom" ser oss forandrer ansiktet hans seg til eit stort glis. Gimtet i auge er nok til å sjarmere kjemper der han sprettande mot oss, med "Huck" litt slentrande etter. "Tom": Sir, you buy us ice-cream? Yes? Vi ler og joda, sjølvsagt får dei seg ein is.. =)
Ein dag er det rett og slett for varmt og vi hiv oss rundt og blir med på Rafting. Dette er absolutt ikkje for den som vil ha det ekstremt... vel ekstremt moro er det jo!! Vi er i båt med to instruktører som sit bakerst (og skrik FORWARD til stadigheit sjølv når båten er meir i luft enn i vatn, men vi padler på). Vi er, i tillegg til instruktørane, fire andre. To vikinger og to indere. Og ikkje eit vondt ord om nokon, men det tar ikkje mange padletak før vi må skifte sitteplassar og vikingane blir beordra fram. Og det med rette. For vi var seks i båten, men kun to av oss rodde... Utan at vi skriv opp navn.. Etter ein to minutters irritasjon over slappheita, tek vi det som ekte vikinger. Vi sleng litt med leppa på norsk, kjem fram til at dette er bra tre-timers treningsøkt for oss og gjer resten av gruppa ein super fartsfylt opplevelse! Og ikkje at det er ein konkurranse på nokon som helst måte...., men vi vant.. Skal vi tilbake igjen her er dette noko vi absolutt gjer igjen!