Midt på natta...


Ca klokka 04.00 tøffer toget inn på stasjonen i Haridwar.
Vi har halvegs sove i køyene våre, men å dele sovesal på tog med 20 andre indere har sine bakdeler. OG fordeler! Vi kom tidleg i kontakt med ei dame fra Goa som synes vi heller burde reise der. =)

På togstasjonen ligg både aper og mennesker og søv fortsatt.
Tett i tett. Vi lister oss rundt, over og gjennom diverse soveposer av ymse slag før vi finn ein taxi. Turen tar ca ein halv time nattestid (fem kvarter på dagtid).
Det er fortsatt bekmørkt når vi kjem fram. Hotellet er ikkje så lett å finne og vi vandrer gjennom små mørke smug på leiting. Vi er ikkje dei einaste som leiter etter husrom, men vi har heldigvis booka. Rishikesh er nemleg ofte fullbooka, og spesielt i mars.

Etter ei lita stund finn vi tre sovande
sjeler i ein liten resepsjon i det vi antar
er vårt hotell. Vi er ankommet ca 7 timer
før check in, men etter litt fram og
tilbake mellom mennene ser det ut som
ein viss Michael ikkje har ankommet og
VIPS har vi seng. DEILIG!
Dei er veldig hyggelege og unnskyldande
sjølv om alt står på oss. Vi søv nokre
timar før vi på riktig inntar Rishikesh.
Noko av dette kan du lese om
LUFTIG.NO .