Dagane her er fantastiske. Maten som blir servert er den einaste dagsrytmen vi har. Kokken vår Ramesh fikser og trikser på kjøkkenet og kjem med dei lekraste retter.
Deepak viser oss dyr og turer og henter ved til oss når det er kaldt. Vi har ingenting vi skal. Vi våkner når sola vekker oss og legger oss når mørket faller på. Vi ser på den vakre stjernehimmelen (Det vil sei ein av oss ser opp på himmelen, den andre står leopardvakt med lommelykt). Det er strøm, men ikkje mykje og kveldane går med til å stirre inn i peisen eller lytte til leoparder og brølehjorter og fugler av all slags sort.
Steve og familien (som eiger hyttene og som vi såg i BBC-dokumentaren) er desverre på innflyttningsfest hos dattera i Delhi, men vi stikk innom huset og får ein god kopp te, helser på hundane og dei kan fortelle at leoparden drap eine hunden ein måned før vi kom. Når vi kjem til Delhi seinare får vi og vite at ein leopard prøvde seg på eine hunden vi helste på, berre to dagar etter vi reiste. For leoparden er her. Deepak fortel og viser spor. Og ein dag vi går ein tur aleine opp skråningen til fjelltoppen, vel dette er mykje betre ein safari.. Her er det ekte. Dette er leopardens rike, og vi føler oss beglodd og skremmer vettet av oss sjøl. Og Deepak fortel at møter vi ein, så står ein stille og håper.. Vi møter ingen. Desverre? Det næraste vi kjem er Geir som plutsleg spotter ein svart panter på eit fjell nedanfor oss. Deepak ler. I 25 år har han aldri hørt om nokon som har sett svart panter her. Den svarte panteren er dessverre berre ein svart stokk. Dei rundt oss ler av oss når vi seier vi håper å sjå ein leopard. Det er vel litt som å gå i skogen å håpe på å stå ansikt til ansikt med ulven. Berre leoparden er større, raskare, og overhode ikkje like sky.. Men vi ser mykje anna dyreliv. Vi finn fort roen. Dette er verkeleg føde for sjela. Og vi planlegg allereie neste tur. Kanskje om nokre år. Ramez meiner det er best å komme om hausten. Vi synes mars har vore heilt fantastisk også med skogen farga av raude rhododendron og høge himalayafuru.