11.mars: Ranthambore

Tidleg morgon ca 06.15 er det klart for ny safari. Litt slitne, og tomme for mat i kropp og lyst snubler vi inn i bilen. Ingenting vekker deg meir enn å køyre 90km i timen utan tak på humpete vegar med dårleg mage. Dagens guide tar oss med rundt i parken og vi ser hjort og aper og påfugl og til og med ein del krokodiller. Men ingen tiger. Vi parkerer ved eit nydeleg vatn. Sola har fortsatt søvn i augene og ein fredelig, svær hjort står midt i vatnet og skuar på oss. På andre sida er det masse fuglar og ei sliten krokodille. Vi er med ei fugleinteressert indisk gruppe som med litt engelsk og kroppspråk forklarar entusiastisk om alle fuglane vi ser. Men ingen tigre. Dei fortel at dei såg tigre i går for å løfte håpet vårt, men det gjer vel eigentleg det motsatte. Plutseleg høyrer vi varselskrik gjennom skogen. Guiden fortel at det er tre kilometer vekke og ikkje i vår "del av skogen". Desverre. Det verkar ikkje like nøye for han å sjå tigra.. Han ser dei jo heile tida. Dei to nordmenna bakerst furter litt, mens hjorten skrik i det fjerne. Men den entusiastiske fuglegjengen foran oss får oss på andre tankar og plutseleg er vi like glade for å køyre forbi ei ugle... =)
Det blir ingen tigra på oss. Men ein nydeleg soloppgang over nydelege innsjøar, midt i india er ikkje heilt feil det heller.

Etter safari er det rett vidare til neste destinasjon. Det er ingen tid å miste når ein er raketturist. =) Fra Ranthambore til Jaipur er det 4-5timer. Med mykje trafikk og ein USEDVANLEG dårleg veg. Vi satt meir i taket enn på setet. Vi klamra oss fast til tak og dører, men ingenting hjalp. Dette er ikkje turen for skjørt porselen!