10.mars:
Agra til Ranthambore nasjonalpark

Ramu henter oss tidleg på hotellet og vi set nasa mot vest og nasjonalparken i Ranthambore. Ramu stopper i veikanten og kjøper guava rett frå bonden til oss. Veldig godt og syrlig. Vi humper vidare mellom kamelar, fargerike traktorar og alt som kan brukast som køyretøy. Ramu sirkler seg rundt krater i vegen og prøver å gjer turen så komfortabel som han kan, mens han svarer høflig på alle spørsmål frå baksetet. Vi har mange. =)

Framme ved Raj Palace i Ranthambore (landsby med ca 40 000stk, full av turister og stor fattigdom) har vi ein kort lunsj før vi set oss i jeepen som tar oss med til tigersafari. Vi sit meir over enn på setet og det går rimelig kjapt. Først køyrer han gjennom ein skog i så stor fart, mens "Naturalisten" (altså guiden) peiker og roper ut: hjort på venstre, ape på høgre. Vi er styggeleg redd for at dette ER safarien og ler oppgitt over å skulle sjå tigra i 90km i timen. Men heldigvis skal vi berre hente ein gjest til. Vi drar inn i nasjonalparken i eit roligare tempo. Sola steiker, lufta dirrer, apene sløver i skuggen og ingen tiger er å sjå. Guiden fortel oss at han ser etter spor og lytter etter alarm fra aper og fugler. Men skogen er stille. Nasjonalparken er nydeleg fin. Den har store dammer og tegn på tidlegare landsbyer som no er overtatt/overgrodd av tre og busker. Ruiner som gjøymer på mystiske hemmeligheter. Eit rikt fugleliv. Tigerens tannlege (ein liten fugl i tigerfarger, som rensker tigerens tenner) besøker oss i bilen. Påfuglen, som er indias nasjonalfugl, brysker seg rundt kvar einaste tre og ein drøss med aper, fugler og forskjellige typer hjorter bryr seg lite om bilen som sakte sniker seg gjennom landskapet. Men tigeren med sine tre små har gjømt seg. Guiden fortel at når parken blei oppretta var det berre 9 tigre på 1300 kvadratkilometer. No er det over 60. Turister har kun løyve til å besøke 20%av parken, så det virker som tigrene oppheld seg i dei resterande 80. Men håpet er ikkje tapt. Neste morgon skal vi også prøve tigerlukka.

Heime på hotellet, som er veldig hyggelig forresten, er det middag. Vi får ein litt ekkel følelse når middagen er det samme som lunsjen og mistenker at den berre er varma opp. Ikkje bra for norske mager. Geir ryker først. Asso tidleg neste morgon. Og det skal ta eit par dagar før vi virkelig er på beina igjen.