I Anglesea er det ei golfbane, og ikkje ei kva som helst golfbane, men ei med frittgåande kenguruer. På veien bort hoppa det ein kenguru over veien. Vi svinga opp og såg nokre golfere, men fekk ikkje lov å gå inn på bana. Heldigvis, på vei ut så snubla vi nesten øve ein gamal gnu (kenguru). Han tok seg ein lur i skuggen før neste golf runde. Det virker som pensjonist tilværelsen er lik både hos folk og fe (kenguru)...
Ein lang køyretur var foran oss så vi hoppa i bilen og snirkla oss ned Great Ocean Road. Det er ein flott tur, men kanskje betre med litt meir tid. Vi hadde ein buss vi skulle nå i Horsham og turen var lang. Da mørke fallt på hadde vi endå ikkje nådd dagsmålet, og vi hadde ikkje overnatting. Hadde det ikkje vore for Mr. Noors servering av luft-kaffe latte i Lorne (bilde nederst i hjørne) hadde vi sikkert køyrt rett forbi 12 apostles... Akkurat da sola gjekk ned sprang vi ned for å nyte den flotte utsikta (bilder neste side). Ein drøy time seinare, trøyte og slitne, stoppa vi på ein Best Western i Warrnambool minutter før stengetid. Heldigvis hadde dei ledig for natta, og då vi opna døra til motelrommet kom det ein spontan letta latter frå alle! Aldri har eit cheesy hotel sett bedre ut! Til historia høyrer også med at det var iskaldt om natta, og det første vi såg om morningen; elektriske varme tepper på alle sengene.... dagens Noor: (Asso sit på golvet og leiker med Noor, samstundes som ho snakker med onkel Geir. Plutselig får ho ei lita hand foran munnen). "Ikke pRRate tanta! ikke pRRate!" På turen vidare var det mykje anna å sjå og, men det er eit anna eventyr.