Så....
Etter nok en del timer på fly landa vi på Sydney internasjonale flyplass.
Fyrste inntrykk? Ikkje bra..
Ikkje nok med at alle var utrulig uhøflige og frekke, men vi måtte betale for kvar minste ting. Som foreksempel å låne ei bagasjetralle, måtte du punge ut med 20kr som du ikkje fekk att ved levering.. Og når vi var så “uheldige” å ikkje fly med Qantas, så måtte vi forsyne meg betale 40kr for å komme oss til innlandsflyginga vidare til Melbourne.
Den første vennlege sjela vi møtte var ein Inder på Subway (fast food kjede).
Geir hadde desverre i tillegg komme seg inn på smuglerens avveier..
Et par dager før avreise hadde Asso lagt to Sala (verdens beste frukt..) i den nye blomstrete, jordbær veska si som snacks, men blei aldri ete.
I pakkingas virrvarr blei blomsterveska, med alt sitt innhold, slengt opp i Geir sin sekk og gløymt.
Vel framme i Sydney måtte all bagasje til gjennomlysing. Geir sin sekk var først ute. Her er samtalen oversatt:
Toller: Har du med deg sjongleringsballer?
Geir: ? Nei..
Toller: Kan eg få sjå dei to runde ballane i sekken?
(Geir pakker ut og inni Assos blomsterveske finn han og tolleren frukta, Sala. Oj, tenker Asso og prøver å sei at det er hennar, men blir vinka vekk/avfeid av toller nr 2).
Toller: What was the purpose of bringing this fruit?/Ka var formålet med å smugle denne eksotiske, smittebærande djevel frukta?
(Tolleren hisser seg veldig opp.)
Geir: Beklager. Eg viste ikkje at eg hadde frukta med meg..
Toller: Men såg du ikkje at du skulle krysse av på flyet om du hadde frukt med deg?
Geir: Jo, men eg visste ikkje at eg hadde frukt med..
Toller: Såg du ikkje skilta her på flyplassen da? Dei er faktisk på engelsk!!
Geir: ....
(Toller hisser seg ekstremt opp)
Toller: I Australia er vi ganske strenge på sånt! Dette er ikkje Norge eller Italia!!!!!
Geir: Er virkelig lei meg for det, men eg hadde rett og slett ingen anelse...
(Samtalen drar ut i det uendelige....)
Toller: Du veit eg kan bøtlegge deg 200 AUD per enhet!!! Du er ikkje i Europa no!!!!
(Geir tenker i sitt stille sinn: Vel enten bøtlegg meg eller ikkje, men bli no ferdig.)
Etter mykje om og men lar han oss gå med ein advarsel, mens han skriv oss inn i arkivet om denne udåden vi har begått..
Welcome to Australia!!...