Så var det endelig vinterferie..
Og vi var veldig glad for å sleppe
den kalde melbournianske vinteren
(ca 10 grader.. brrrrr).
Ein vegg med 30 grader, sol og palmer møtte oss då vi kom på flyplassen i Cairns. Det ligner på eit anna land. Mykje meir trope og regnskog.
Etter å ha venta lenger enn lenge på at bussen skulle gå, ringte vi JJ’s backpackers som kom å henta oss. Vi var så glade for å være i varmen at det første vi gjorde var å spørre etter veien til stranda og byn.
- ‘Just a short stroll down to your right and you’ll meet the beach. A beautiful walk along the beach will take you to the city centre.’ (Fritt oversatt: - ’Berre ein kort spasertur ned til venstre og det vil ta deg rett til gjørma. Ein illeluktande spasertur langs myra vil ta deg rett til sosial køa.’)
Så, uvitande som vi på det tidspunkt var, gjekk vi glade mot strand. Syne som møtte oss kan best forklarast på neste side. Dette kan og forklare kvifor dei har kompansert med ein liten oase (bilde nederst til venstre) i enden av krokodille land/stranda.
Cairns er ein veldig liten by. Det tok oss litt tid å finne ut kva som faktisk var sentrum. Sjølvsagt var det eit svært shoppingsenter midt i ellers ingenting. Det var begynt å bli middagstid ifølge svoltne mager, klokka var 16.00 og vi gjekk fra pub til pub for å finne ein matbit. Kor enn vi gjekk fekk vi beskjed om at matservering var stengt. Utan noko meir forklaring. Vi undra oss øve korleis det kunne ha seg at det stengde så tidlig. Seinare fann vi ut at dei hadde kun servering tidleg om morgonen og seint om kvelden. Det hadde jo vore kjekt om ein av desse vi snakte med hadde sagt at om vi kom tilbake ein times tid seinare så ville det vore servering, men men... Vi fant no råd til slutt.
Cairns er ikkje ein spesielt vakker by. Men det er eit knytepunkt for mange aktivitetar i nærområde. Som dykking, jungletrekking, paragliding og liknandes.
I Cairns er det og mange aborginere. Desverre er dei blitt behandla på same måte som grønnlendere i danmark og resultatet er deretter. Dei aller fleste vi såg var alkoholikara og sosial klienter. Det var eit veldig trist syn. Og det er vondt at slike tilstander er å sjå i eit slikt forholdsvis rikt og vesterlig land. Men dei var veldig smilande og blide til tross.