Ein dag vi var ute å gå i nabolaget, høyrte vi svermer av grashopper. Ein intens, vedvarande summing utan pause. Men dei var alle vanskelige å sjå. Tanta tenkte at det måtte no være ein måte å få han til å hoppe på så vi fekk sjå han. Ho stakk ein pinne nede i graset og vi stod alle stille rundt og såg om vi kunne sjå han. Så skjedde det. Tanta stakk pinnen fort inn i graset og grashoppe sangen stoppa brått!!! Det vart heilt stille. Intens stillheit. Trykkandes stillheit. Underleppa til Noor begynte å dirre, så vi prøvde oss på forskjellige forklaringer. Men dette var noko som blei nevnt i dager etterpå. (Nokre dager seinare ringte Noor til tanta, men kom til telefonsvareren (som er ein mannstemme) og Noor benytta sjangsen til å fortelle han kva tanta hadde gjort...) Vi gjekk heim prega av alvoret. |