Torsdag kom vi seint fram til London og Vegas hotel. Alt fint, men trist å reise fra alle sammen!!! Det er rart at vi er på reis, og Asso tenker at ho berre er på weekendtur til london, mens geir er allerede på vei til Bali... =)
Hotellet hadde sjølvsagt dobbelbooka oss, så vi blei plassert på et rom over gata... Med "flotte" pastellfarger og ei lukt som ligna eit indisk parfymeri, kasta vi oss trøtte ned på senger av betong og såg veggane krype nærmare før det var på tide å gå på kveldsjakt. Etter et par nesten påkøyringer (bilane køyrer jo på feil side) kom vi fram til et fish ‘n’ chips kor Asso fanga seg ein torsk og Geir ein kvit laks (?). Vel heime sovna vi trøtte og mette etter dagar med pakking og farvel.
Fredag blei vi "oppgradert" til hovedbygningen.
Dette er vi sjølvsagt særs fornøgd
med, sjølv om vi bur i ett kott der
vi går direkte fra inngangsdøra og
opp i senga. Så det er jo praktisk...
Ellers gjekk dagen for det meste
til sightseeing rundt omkring
i storbyens gater og parker,
der Asso imponerte med ekornlyd
imitasjoner og lokket til seg heile
tre ekkorn, til stor fornøyelse
for den lille tilskuerskaren,
der ein av ekorna vart veldig
nysgjerrrig på geir sin sko.
Ellers testa vi ut nokre
av englands spesialiteter..
(ertestappe osv).