09.03.09: Moomba festival


Nok ein festival i Melbourne. Mars er spekkfull av festivaler alt fra mat og vin til film og dans. Så mellom travle skuledager prøver vi å få med oss det som skjer i byn. Dette er frå Moomba festivalen som er ein vatn festival. Bildene er fra paraden gjennom byn, men ellers forregjekk det meste nede ved Yarra elva. Ved elva var det alt mulig som skjedde med konserter og tivoli og vatnsport og sprell.

Då det ikkje er lenge til Nooremann (vår nevø) og mammaen (Asso’s søster, Ingvill) skulle komme på besøk, bestemte Geir seg for å vinne ein stoooor panda til han... Etter ein del dollar og forskjellige forsøk lukkast han i basketball. Problemet var berre at dei idiotisk nok hadde hengt pandaen på ein slik ein måte at dei rett og slett ikkje kunne få den ned att. Litt skuffa (VELDIG SKUFFA) måtte Geir velge mellom ein rosa ponni eller ein rød drage. Valget var enkelt og dragen har vi kalla Didrikk.

Han er allerede blitt eit verdifult medlem av familien.


Om kvelden da vi var på vei ut ein liten tur høyrde vi først eit stort BUMP, så kvining fra bil bremser, fleire skrik også stille. Nyfiken....? Ja! Vi tok ‘ein omvei’ ned til Swan street der vi blei mødt først av lyden av mange sirener. Synet der var rett og slett litt skremmandes. Brann og politibiler sperra gata rett oppafor og nedafor oss. Ein kvit bil med panseret som eit trekkspel stod midt i vegen mens brannmenn og sjukepersonell prøvde å skjære vekk dørene for å få jenta ut. Det var ingen spor etter bil nr2, men vi fekk seinare vite at jenta hadde gjordt ein u sving og køyrt rett inn i ein stor tauebil. Den hadde klart seg fint og heldigvis kom jenta frå det med mindre skrammer. Men ekkelt er det når det skjer så nærme. Og folk her nede køyrer som galne. Kvar dag vi sykkler til skulen er det nye små og store roadkills å sjå langs veiene.